Halvor kom til oss ein flott solfylt dag, den 6. nov 2008. Etter eit normalt svangerskap visste vi ikkje noko om at Halvor var sjuk når han vart født.

Kort tid etter fødselen vart han lagt inn på "kuvøsen" på barneavdelinga på Førde Sentralsjukehus. Der vart det i vekene etter gjort fleire undersøkingar, og det var klart at Halvor hadde ein alvorleg hjerneskade, og at han truleg ikkje ville bli så gamal.

Halvor greide ikkje å drikke mjølk sjølv, så han måtte få maten sin gjennom ein slange ned i magen.

3 veker gamal fekk han kome heim til Hellebergvegen i Leikanger.Vi fekk vere saman med han i 5 veker, i advent og julehøgtida.

Storebror Andres og storesyster Elisabeth gleda seg stort over å få han heim, og dei kosa mykje med Halvor desse vekene. Det vart mange trilleturar, bading og stell og kosestundar i lag. Men iblanda denne gleda var det og - særleg for Snorre og mamma - mange tunge tankar om framtida og om korleis det skulle gå med Halvor.

1. nyttårsdag vart Halvor forkjøla og måtte reisa til sjukehuset i Førde og barneavdelinga der.Gradvis vart han dårlegar og svakare, og etter 4 dagar greidde ikkje den vesle kroppen meir, og han tok sitt siste pust og sovna stille inn mammas armar, 4. januar 2009.

Vi er så inderleg glade for dei vekene vi fekk vere saman. At vi kunne ha adventstida i lag, og stelle til jul, og vere saman med familien i denne store høgtida.

Med seg på siste ferd, tett inntil seg, har han ein strikka sel frå Andres og snømann frå Elisabeth, gåver til jul, som dei laga på skulen til vetlebror.

Vi saknar han så -vår vesle gut, solstrålen vår. Han vil ALLTID vere i våre hjarte.

Andres, Elisabeth, Kristine Snorre

(Tale ved båra, 9. jan 2009)